SOLSKJERMING

Uansett om du vil stenge den skarpe vårsola ute for å spare møblane dine, eller for å kunne sjå TV-en betre – så kan vi hjelpe deg å med å finne rett solskjerming til akkurat dine behov.

Vi tilbyr både utvendig og innvendig solskjerming og leverandørane våre kan dekke alle behov til alle rom i huset. Her viser vi eit utval av dei ulike løysingane vi kan bestille frå leverandørane våre.  Alle produkta finst i forskjellige storleikar og fargar – og kan spesialtilpassast til dine behov. Vi kan vere behjelpeleg med å montere produkta. Kom gjerne innom og ta ein prat med oss så hjelper vi deg med å finne rett solskjerming for deg.